| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | GRØNEHELLAREN

Grønehellaren, Solund k.

490,- NOK INKL MVA

2,4 cm, bronse. Halssmykke basert på fiskesøkke i kleberstein frå eldre steinalder (2:3).

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Hengesmykket er ein 2:3 replika av dekorert fiskesøkke i kleberstein frå Grønehellaren, Solund kommune. Slike små fiskesøkke vart brukte til linefiske med beinangel, og skriv seg frå seinmesolitikum (6500-4000 f.Kr.). Søkka er vanlege på buplassar langs heile kysten, men Grønehellaren hadde særskilt mange fint utforma og dekorerte eksemplar. Dei fyrste pionerane som koloniserte norskekysten var mest fokuserte på rein og sel, og heldt seg til den gamalkjende flinten. Klebersøkka i Grønehellaren er eit av mange teikn som viser at folket lærde landet å kjenne - frå sjøen til berggrunnen. Dei tok i bruk ei mengd lokale bergartar - mellom anna den mjuke klebersteinen. No jakta dei nær sagt på alt kring Grønehellaren - sel, oter, hjort og villsvin! Og fuglar: den utdøydde geirfuglen, alke, lomvi, lunde, toppskarv, storskarv, blåmåse, ærfugl, og til og med svane og havørn. Men kanskje viktigast av alt - dei fekk augo opp for fisken i havet. Saman med klebersøkka låg bein frå torsk, lyr, lange, brosme, berggylte, pigghå og lysing - men mest sei og pale. Og sidan den gong, i 8500 år, har øyfolket i Sula levd godt av fisken...

 

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av kvinnedrakt frå steinalder.

 

Pendant based on a mesolithic soap stone fishing sinker from the rock shelter Grønehellaren, in Solund kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Hängeschmuck auf einem mesolitische Angelngewicht aus Speckstein basiert, aus dem Abri/Fels-überhang Grønehellaren, in der Solund Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

Orginalen. Du kan sjå dette og fleire andre fiskesøkke frå Grønehellaren utstilte i Steinalderutstilinga på Bergen Museum. Her heng dei i senetråd i lag med andre fiskereiskapar frå steinalderen. Ørjan Engedal har laga montasjen og fleire av rekonstruksjonane i utstillinga - les meir om Steinalderutstillinga.

 

 

Det mest oppsiktsvekkande funnet frå Grønehellaren var grava til ein 17-18 år gammal gut frå siste del av steinalderen. I ei fellesgrav låg tre andre skjelett, truleg ei kvinne kring 40 år, og to vaksne menn.  
Meterdjupe kulturlagsavsetjingar låg under Grønehellaren oppe til høgre i biletet.  

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Korleis var det å fiske sei med dyresene, beinangel og kleberlodd? Korleis var det å jakte villsvin mellom eik og alm i Ytre Sula? Kvifor vart ungguten og dei andre gravlagde i "golvet"? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!